Vinnere av Medaasprisen

Medaasprisen til Sigvart Dagsland

Medaaprisen heilside 2022 (3)

På årets festkonsert 10.oktober vert Medaasprisen delt ut til Sigvart Dagsland. Prisvinnaren får
selskap av ei rekkje flotte artistar denne kvelden på Den Nationale Scene: Bjarte Hjelmeland, Marthe
Wang, Berit Håpoldøy, Tor Endresen, Knut Elvik, Bjarte Leithaug, Bjørn Jensen, Jan Arne Knutsen og
stortalentet Sander Petersen Syslak frå Lindås. Vi er óg svært glade for at Bård Ose og Voksne Herrers
Orkester er med på å kaste glans over kvelden og prisvinnaren.
Konferansier er sjølvaste Finn Tokvam.

Sigvart Dagsland (58) er songar, pianist, komponist, tekstforfattar og arrangør – oppvaksen i
Stavanger og busett i Bergen. Dialekta har gjennom meir enn 35 år sett eit tydeleg merke på songane
han har skrive, på eiga hand eller saman med andre. Han fann tidleg sin eigen måte å veve vestlandsk
vér og vind inn i desse. Han skildrar møte mellom menneske på ein måte som får oss til å undrast
over dei store spørsmåla i livet.
Sigvart Dagsland er óg ein av Norges framste sceneartistar. Han har eit spenn frå det nære,
menneskelege til kraftfulle stemningar og eineståande vokalprestasjonar. Med songar og forteljingar
knyt han band mellom artist og publikum på meisterleg vis. Det er berre å gle seg til festkonserten på
Den Nationale Scene!
Medaasprisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i
lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-
kunstnaren Vidar Bratlund-Mæland og 25.000 kroner.

 

Kari Bremnes2

Storslått festkonsert då Kari Bremnes mottok Medaasprisen

Kari Bremnes2

-Alle som vaks opp med éin radiokanal hadde eit sterkt forhold til Ivar Medaas, sa Kari Bremnes då ho mottok Medaasprisen på Den Nationale Scene. Prisvinnaren fortalde frå oppveksten i Svolvær, der mora ofte las høgt frå Jakob Sande sine samlingar. -Vestlendingar og nordlendingar har mykje til felles, sa Kari Bremnes til ein stuvande full sal. -Me har reist ut i verda saman med Kari Bremnes, men ho har aldri late oss vera i tvil om kvar heime er, sa Solrun Toft Iversen. Ho delte ut Medaasprisen til den nordnorske artisten mandagskvelden. Solrun Toft Iversen, leiar for styret i Medaasprisen, var svært stolt over å få dela prisen ut til den folkekjære artisten. -Den store spennvidda i uttrykk og inspirasjon har på forunderleg vis gitt henne ei scene som berre tilhøyrer henne. Ho er alltid ærleg og personleg. Ho har alltid ei historie å fortelja, og historia rører ved noko i oss. Utdelinga fann stad mot slutten av ein storslått festkonsert. Den unge trompetisten Viljar Bjørsvik Rath frå Knarvik blas det heile i gong, før nye høgdepunkt kom som perler på ei snor. Der var Arne Bøe med det nye bandet sitt, Himmel og hav, der var Jan Eggum, Olav Stedje og ein svært opplagt Oddvar Thorsheim. Heilt til slutt var alle på scena og song Ivar Medaas sitt glansnummer, Dar kjem dampen. Medaasprisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Mellom tidlegare vinnarar finn me Odd Nordstoga, Øystein Sunde, Jon Eikemo, Sigrid Moldestad, Herborg Kråkevik, Vamp og Lars Lillo-Stenberg. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner.

Nh avis Medaaspriskonserten2019

Strilen Medaaspriskonserten 2019

 

2018: Medaasprisen til Lars Lillo-Stenberg

Lars-Lillo-Stenberg-Foto-Frank-MichaelsenLars Lillo-Stenberg får Medaasprisen 2018. – Identitet er viktig for alle, anten ein er oppvaksen i Alversund eller på Frogner, seier styreleiar i Medaasprisen, Claus Sellevoll.

Han trur kanskje nokon vil verta overraska over at Medaasprisen vert tildelt ei av dei mest markante røystene frå Oslo vest gjennom meir enn 30 år.

– Men tildelinga trur eg Ivar Medaas hadde hatt stor sans for. Han hadde sterke og gode minne frå Oslo. Hovudstaden omfamna felespelaren og gjøglaren lenge før heimtraktene hans gjorde det.

MEIR ENN VESTLANDET

Med bandet DeLillos og som soloartist har Lars Lillo-Stenberg alltid vore rotfesta i sin kultur. Han set sitt særeigne stempel på songane, anten dei er hans eigne, eller når han tolkar viser frå den nordiske kulturarven. Han gjer sitt språk og sin identitet til ein del av eit heilskapleg kunstnarleg uttrykk, heiter det i grunngjevinga.

– Medaasprisen er ikkje ein distriktspris. Den skal femna om meir enn Vestlandet og nynorsken, slik kunstnaren som prisen er oppkalla etter også gjorde det. Lokale tradisjonar er like mykje verd i by og bygd. Den eine dialekta har ikkje høgare status enn den andre, meiner Sellevoll og juryen. Han går ikkje av vegen for å visa litt raus omsorg med hovudstaden og dei som lever der.

­– Oslo har ikkje alltid kjend kjærleiken strøyma mot seg frå resten av landet. Prisvinnaren har sjølv vore inne på at mange er stolte av ikkje å tilhøyra Oslo. Me kjenner alle til historier om korleis folk frå distriktet kjende seg framandgjort i storbyen. Men kan hende var det ikkje så enkelt for eit bymenneske å busetja seg på bygda, heller?

KONSERT 29. OKTOBER

Prisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Mellom tidlegare vinnarar finn me Odd Nordstoga, Øystein Sunde, Helge Jordal, Jon Eikemo, Sigrid Moldestad, Herborg Kråkevik og Vamp.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner. Prisen vert delt ut på Den Nationale Scene den 29. oktober. I tillegg til Lars Lillo-Stenberg, vil ei rekkje andre artistar medverka på den tradisjonsrike Medaaspriskonserten.

MEDAASPRISVINNARAR 2017: «Vamp har utvikla eit heilt spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som treff den norske folkesjela. Dei er som vêret på Vestlandet. Full av kontrastar, frå det valdsame og dramatiske til det lune og inderlege», heiter det i grunngjevinga til Medaasprisen».
Foto: Haakon Nordvik

2017: Medaasprisen til Vamp

MEDAASPRISVINNARAR 2017: «Vamp har utvikla eit heilt spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som treff den norske folkesjela. Dei er som vêret på Vestlandet. Full av kontrastar, frå det valdsame og dramatiske til det lune og inderlege», heiter det i grunngjevinga til Medaasprisen». Foto: Haakon Nordvik

MEDAASPRISVINNARAR 2017: «Vamp har utvikla eit heilt spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som treff den norske folkesjela. Dei er som vêret på Vestlandet. Full av kontrastar, frå det valdsame og dramatiske til det lune og inderlege», heiter det i grunngjevinga til Medaasprisen».
Foto: Haakon Nordvik

Når Vamp spelar på den Den Nationale Scene til hausten er det for å ta i mot Medaasprisen.

Pressemelding
– Vamp har på same måte som Ivar Medaas, turt å gå sine eigne vegar. Dei er genuint opptekne av røtene sine, av havet, av kystfolket og har utvikla eit heilt spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk. Eit uttrykk som verkeleg treff den norske folkesjela. Og så syng dei på morsmålet sitt, på haugesund-dialekten, som er ein viktig signatur for gruppa. Vi er glade for å dela ut Medaasprisen til eit av dei finaste og viktigaste banda vi har i norsk visetradisjon i dag, seier styreleiar i Medaasprisen, Claus Sellevoll.
Her til lands er det få som har kombinert folkemusikk med viser og rock betre enn Vamp. Sidan debutalbumet «Godmorgen, søster» i 1993 har Vamp vore ein suksesshistorie utan sidestykkje i norsk musikkliv. På denne første plata kom også den store hiten «Tir n’a Noir», diktet av Kolbein Falkeid som blei tonesett av Øyvind Staveland, og som i dag er ein av bandets mest kjente songar.
I dag høyrer folkrockgruppa frå Haugesund til eliten av norsk musikkliv, og har hausta mykje heider for musikken sin. Bandet har gjennom 25 år selt over ein million plater og fått fem Spellemann-prisar , og blei Årets Spellemenn i 2007. Dei har spelt inn 10 studioalbum og gitt ut 14 totalt.
«Vamp er som vêret på Vestlandet. Full av kontrastar, frå det valdsame og dramatiske til det lune og inderlege», heiter det i grunngjevinga til Medaasprisen.
Feirar Vamp på DNS
Vamp vert tildelt Medaasprisen på Den Nationale Scene i Bergen måndag 6. november, og Sellevoll lovar ein festkonsert av dei sjeldne. Frå Færøyane kjem stjernesolisten Eivør Pálsdóttir, som har vore gjestevokalist for Vamp på fleire plater og konsertar. Saman med Vamp skal ho mellom andre dela scene med Elisabeth Moberg, Sigurd Sele og Stanley Jacobsen. Ein annan folkekjær artist som også vil bidra når Vamp skal feirast, er komikaren Per Inge Torkelsen.
– Per Inge, som den gode vestlending han er, har eit nært forhold til både Vamp og Ivar Medaas. Det er med andre ord duka for ein festkveld med visepop i høgsetet, fortel Sellevoll. Til å leia det heile er som vanleg Dag Lindebjerg på plass som konferansier.
Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Prisen vert delt ut under Medaaspriskonserten på Den Nationale Scene måndag 6.november 2017.
Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og kr 20 000,-
I fjor blei Sigrid Moldestad tildelt prisen.
KJØP BILLETTER TIL KONSERTEN HER:
FAKTA OM VAMP:
Norsk visepopgruppe frå Haugesund som i 2007-14 var satt saman av Øyvind Staveland (f. 1960), fiolin, bratsj, fløyte og trekkspel og song, Torbjørn Økland (f. 1964), gitar og mandolin, Carl Øyvind «Calle» Apeland (f. 1964), bass, gitar og keyboards, Paul Hansen (f. 1980), song og gitar, Odin Staveland (f. 1985), keyboards, perkusjon og sang. Dei har hausta mykje ros for sin delvis irsk-inspirerte musikk, og er blitt tildelt fleire Spellemann-priser og andre utmerkingar. Lyrikaren Kolbein Falkeid har skrive mange av tekstene til gruppa.
Vamp blei starta i 1991 og har hatt tre faste vokalistar: Jan Ingvar Toft (1991-99), Vidar Johnsen (1999-2007) og Paul Hansen (2007-). Rita Eriksen er gjestevokalist på deira mest kjente song, Tir n’a Noir, som første gong blei utgitt i 1993. Ein liveversjon som nådde 3. plass, låg 42 veker på VG-lista i 2006-07. Andre Vamp hits er Månemannen (17. plass i 2006), På bredden (6. plass i 2008) og Liten fuggel (6. plass i 2012). Dei toppa Norsktoppen i 1998 med Sirkus av lys, i 2002 med Månemannen og Fuglane vett, i 2005 med Siste stikk, i 2006 med Kim du nå va og Tir n’a Noir, samt i 2008 med Velkommen inn.
Alle Vamps album har nådd Topp 20, de fleste Topp 10: Godmorgen, søster (1993), Horisonter (1994), 13 humler (1996), Folken (1996; live), Flua på veggen (1998), Ei med alt (1999; samleplate), En annen sol (2000), Månemannen (2002), Siste stikk (2005), I full symfoni (2006; live med Kringkastingsorkestret), St. Mandag (2008), I full symfoni II (2010), Liten fuggel (2012) og To med alt (2013; samleplate).
I juni 2014 trakk Apeland, Økland og Hansen seg frå Vamp og danna trioen Blest. Dei blei erstatta av Bjørn Berge (gitar, banjo) og Kjetil Dalland (bass). Toft forsette som vokalist saman med Odin Staveland, som er son av Øyvind Staveland. Hausten 2015 kom det listetoppande albumet Populas. No var Lars Erik Støle (orgel, trekkspel) blitt fast medlem.
Kjelde: Store norske leksikon
http://www.vamp.no/
 
 

Sigrid_3,2_Foto_IngvilSkeieLjones

2016: Medaasprisen til Moldestad

Folkemusikar Sigrid Moldestad får Medaasprisen 2016

Sigrid Moldestad har sidan solodebuten i 2007, vore ei lysande stjerne på den musikalske himmelen. Ho har sine røter i folkemusikken og skriv på nynorsk og syng på si eiga dialekt.

– Som artist meistrar ho  kombinasjonen av å vere ei sterk scene- og historieformidlar av både tradisjonelt og nyskapande materiale, seier leiar i Medaaspriskomiteen, Claus Sellevoll. Han legg til at han er svært glad over å dela ut Medaasprisen til ein artist med fokus på dialekt, røter og tradisjonar, og som formidlar dette på ein unik måte.

Prisløna «taus»

Moldestad har frå før motteke Spellemansprisen to gongar, først med trioen Gamaltnymalt i 2005 og så med TAUS i 2007. I 2010 vart ho tildelt Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane og kåra til «Årets Folkemusiker». Det same året tok ho i mot Folkelarmprisen, før ho i 2012 fekk «Vossajazzprisen og Hilmar Alexandersens musikkpris. I tillegg har ho mellom anna vore med i gruppa Spindel, kabaret-trioen Fjøgl og duoen Lareli med Gabriel Fliflet. «Med si særeigne stemme og sitt kraftfulle felespel er Sigrid Moldestad blitt ei av våre kjæraste folkemusikarar», heiter det i grunngjevinga til juryen.

Feirar folkemusikken

Sigrid Moldestad vert tildelt Medaasprisen på Den Nationale Scene i Bergen måndag 24. oktober, og Sellevoll lovar ein festkonsert av dei sjeldne.

– Moldestad skal mellom anna dela scene med Helge Jordal, Finn Tokvam, Mads Eriksen, Odd Erik Lothe og ei gruppe frå Fargespill, fortel Sellevoll. Han skal sjølv stå på scena saman med gjengen i Singel & Sand, som er haustsatsinga til Hordaland Teater. Torkjell Børsheim frå dansegruppa Frikar byr på dans til tonane frå Sigrid Moldestad si fele, og det er duka for ein festkveld med folkemusikken i høgsetet. Til å leia det heile er som vanleg Dag Lindebjerg på plass som konferansier.

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Prisen vert delt ut under Medaaspriskonserten på Den Nationale Scene måndag 24. oktober 2016.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og kr 20 000,-

I fjor blei Herborg Kråkevik og Jon Eikemo tildelt prisen.

 KJØP BILLETTER HER

2015: Medaasprisen til Kråkevik og Eikemo

Det er to av Noregs framste kulturberarar som står på scena i lag når Medaasprisen vert delt ut 27. september. Det er ei gleda å meddela at årets prisvinnarar er Jon Eikemo og Herborg Kråkevik!

Presse bilde 08 EIKEMO byline Linda Bournane Engelberth

Foto: Linda Bournane Engelberth

Jon Eikemo, født på Breistein i Åsane 30. november 1939, er ein av våre mest markante skodespelarar etter 1960. Artisten i seg, fann han allereie som liten gut, då han stod på ein fiskekasse og skapte seg for folk framfor landhandelen til faren Johannes heime på Breistein.  Sidan utvikla han imitasjonstalentet og gjekk vekk frå å apa til å skapa. I 1958 kom han inn på Statens Teaterskole ved første forsøk, og tre år seinare debuterte han som Paul i «Medmenneske» på Riksteatret der han var tilsett frå 1961 til 1963. Jon Eikemo har vore tilsett ved seks av dei framste teaterscenene i Norge, lengst ved Det Norske Teatret der han var frå 1978 til 2010. I tillegg til mange store roller på teaterscenene har han hatt eit utal sentrale roller i film, fjernsyn og på revyscener.  Jon Eikemo har vore busett det lengste av livet i Oslo, men har aldri gløymt kor han kjem i frå. Han har alltid stått opp for strilekulturen og morsmålet sitt, og har lukkast i å få ut si kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet ved å bruka sin eigen dialekt på scena. Å formidle ordkunst slik Jon Eikemo har gjort i over femti år, utgjer eit uunnverleg bindeledd mellom generasjonar og miljø av scenekunstnarar, regissørar og teaterinstruktørar i norsk teater- og filmhistorie. Jon Eikemo er høgt dekorert for sin innsats i norsk kulturliv der han allereie i 1979 vann spellemannsprisen i open klasse for si tolkning av Jakob Sande sine dikt. I 1991 gav Eikemo diktaren frå Fjaler eit nytt løft, då han i samarbeid med Vidar Sandem på Det Norske Teatret laga ei framsyning på diktinga til Jakob Sande. For denne oppsetjinga med tittelen Jakob Sande & Jon Eikemo-Trur eg.. , mottok Jon Eikemo kritikarprisen og la heile landet for sine føter. Jon Eikemos Sande-suksess er ein av dei største suksessane i norsk teaterhistorie.

 

HERBORG

Foto: Mona Nordøy

Herborg Kråkevik ,født i Jondal i Hardanger 28. desember 1973, voks opp i ein heim som var prega av song og musikk og med sterk tradisjon for parodiering. Men med mangel på publikum i barndommen, så vart det helst sauene heime i Jondal som fekk gleda av talentet hennar. Det var nok kanskje her ho la grunnlaget for den suksessen ho seinare har hausta så rikeleg av, både i og utanfor landets grenser. Etter å ha kuppa det lokale Tensing-koret, starta ho karriera med å vinna Ungdommens Kulturmønstring i Hordaland i 1992. Ho søkte på Romerike Folkehøgskole, men kom ikkje inn. Det gjorde ho derimot på musikkteaterskulen Guildford School of Acting i Surrey i England. Men i mellomtida medverka ho i René Bjerkes kortfilm ”Det rare”. Etter berre eit år i Guildford slutta ho for å spele kabaret på Zachariasbryggen i Bergen saman med gitaristen og komponisten Kenneth Sivertsen. I fire år opplevde dei to ein formidabel suksess, både på Vestlandet og i Oslo. I 1995 hausta Herborg stor suksess for si sjølvkomponerte framsyning «Haugtussa» basert på Arne Garborgs diktsyklus. Eit prosjekt som også resulterte i albumet «Mi Haugtussa» og turné. Herborg Kråkevik har sidan opplevd eventyrleg suksess, anten det har vore plateinnspelingar, kabareter eller skodespel, seinast i Bergen på Den Nationale Scene, i rolla som Petra i musikalen ”Hellemyrsfolket” basert på romanserien til Amalie Skram. Herborg Kråkevik er ein høgt skatta kulturformidlar. Ho viser i all si framferd stor kjærleik til heimbygda, språket, tradisjonane, identiteten, og sist men ikkje minst den norske kulturen. Herborg Kråkevik har teke tak i og fornya delar av norsk kulturarv som har vore lite påakta dei seinare åra og har oppnådd stor suksess med sine kabaretar og tolkingar av gamle norske folkeviser.

Det er ei gleda å meddela at Medaasprisane for 2015 er tildelt Jon Eikemo og Herborg Kråkevik!

Det er i år 15 år sidan den første Medaasprisen var delt ut. Sidan har det kvart år unnateke 2004 blitt kåra ein Medaasprisvinnar. Styret i Medaasprisen har i jubileumsåret 2015 vedteke at det skal kårast to prisvinnarar. Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Prisane vert delt ut under Medaaspriskonserten på Nordhordland Folkehøgskule søndag 27.september 2015. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner.

Styret i Medaasprisen 2015

Arvid Ones, Inge Glambek, Elin Hordvik, Yngvill Medaas Skogen, Eilif Stene og Claus Sellevoll.

Medaasprisen2015_annonse (1)-page-001

2014 – Vinskvetten får Medaasprisen

Juryen i Medaasprisen kan med glede melda at Vinskvetten er tildelt Medaasprisen for 2014.

Prisen vil bli delt ut under Medaaspris-konserten på Nordhordland Folkehøgskule søndag 28.september 2014.
Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Årets pris er ein bronseblakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner.

FOTO: Arne Ristesund, BA