Medaasprisen 2020 flytta til 2021
Sidan den første Medaasprisen vart delt ut i 2000 har det blitt kåra 20 Medaasprisvinnarar. Pga koronapandemien det siste året, har det ikkje lukkast å dela ut Medaasprisen for 2020.
Styret i Medaasprisen har difor vedteke at tildelinga for 2020 skal flyttast inn i årets arrangement:
Det er ei gleda å meddela at det skal kårast to prisvinnarar i 2021. Medaasprisen 2020 og Medaasprisen 2021 vil bli delt ut på Den Nationale Scene i Bergen 6. desember 2021.
Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner.
Styret i Medaasprisen 2021
Arvid Ones, Inge Glambek, Espen Børhaug, Yngvill Medaas Skogen, Eilif Stene og Claus Sellevoll og Solrun Toft Iversen (leiar).
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!