Medaasprisen til Stein Torleif Bjella

Medaasprisen 2026 vert tildelt Stein Torleif Bjella.

– Han har gjort Ål og Hallingdal til eit eige poetisk univers. Med dialekt, mørk humor og stor varme
syng han fram menneske og bygdeliv på ein måte som gjer det lokale allment,
seier Claus Sellevoll, leiar i Medaaspris-komitéen.
Medaasprisen er meint å heidra kunstnarar som har ein identitet rotfesta i eigen kultur.
Stein Torleif Bjella er ein av dei mest særmerkte visediktarane i landet. Han har gjennom
heile sitt virke nytta hallingdialekta som eit fundament i uttrykket sitt. Det er sagt at han
skildrar lagnaden til bygde-Noreg med humor og melankoli.
Bjella vaks opp i Ål i Hallingdal. Heimstaden har aldri berre vore ei kulisse i songane hans.
Han har smelta saman bygda, folket, landskapet, tagnaden, tungsinnet og den skakke
humoren til stor kunst. I tekstane hans møter me menneske som står litt på sida, som strevar
med kjærleik, einsemd, arbeid, skam, von og lengt. Det er ofte lågmælt, men aldri smått.
– Det er ikkje enkelt å få fram både det komiske og det såre i menneskelivet, seier Sellevoll.
Tidleg var Stein Torleif Bjella mellom anna frontfigur i rockebandet Tolv Volt. Som soloartist
debuterte han i 2009 med albumet «Heidersmenn». Oppfølgjaren «Vonde visu» kom i 2011.
Seinare har han gitt ut mellom anna «Heim for å døy», «Gode liv», «Øvre-Ål Toneakademi»,
«Nysetmåne» og seinast i år, «Velkomen skodde».
Stein Torleif Bjella har vorte ein folkekjær artist utan å glatte ut særpreget sitt. Tvert imot er
det nettopp dialekta, dei lokale referansane og den særeigne tonen som har bore songane
hans ut til eit stort publikum. Med låtar som «Psykisk kan du vera sjøl», «Romantikken gjer
meg sjuk» og «Alt rundt er det samma» har han vist at viser frå Hallingdal kan treffe folk
over heile landet.
Han er òg ein forfattar med samme blikk for omstøytande menneskeliv. Diktsamlinga
«Jordsjukantologien nr. 1» kom i 2017, og i 2021 gav han ut romanen «Fiskehuset». I 2017
hadde Det Norske Teatret premiere på framsyninga «Kan nokon gripe inn», basert på
musikken hans.

For arbeidet sitt har Bjella motteke ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna
Spellemannprisen, Bendiksenprisen og Prøysenprisen. Han har òg fått kulturprisen i Ål
kommune og vart i 2025 kåra til Årets halling.
Medaasprisen skal tildelast ein profesjonell utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd
løfter fram lokale kultur- eller forteljartradisjonar, og som brukar eigen dialekt eller nynorsk
som ein sentral del av sitt kunstnarlege uttrykk. Stein Torleif Bjella oppfyller dette på ein
heilt uvanleg sterk måte. Dialekta er ikkje pynt, men sjølve nerven.
– Ivar Medaas synte at det lokale kunne vere både morosamt, alvorleg og stort. Stein Torleif
Bjella står i den samme ånda. Han har gitt bygdeforteljinga ny kraft, og han har gjort det med
eit språk som berre er hans, seier Sellevoll.
Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Vidar Mæland og 50.000 kroner. Prisen
vert delt ut under Stein Torleif Bjella sin konsert på Røkeriet, USF Verftet i Bergen torsdag 19. november. Den årlege Medaaspriskonserten går difor ut i år.

Tidlegare vinnarar av Medaasprisen:
Øivind Vabø (2025)
Bjørn Eidsvåg (2024)
Mari Boine (2023)
Sigvart Dagsland (2022)
Ingebjørg Bratland (2021)
Hellbillies (2020)
Kari Bremnes (2019)
Lars-Lillo Stenberg (2018)
Vamp (2017)
Sigrid Moldestad (2016)
Herborg Kråkevik (2015)
Jon Eikemo * ( 2015)
Vinskvetten (2014)
Claus Sellevoll (2013)
Jan Eggum (2012)
Fargespill (2011)
Helge Jordal (2010)
Øystein Sunde (2009)
Olav Stedje (2008)
Jan Arvid Johansen (2007)
Arne Bøe (og Heimalanne’) (2006)
Odd Nordstoga (2005)
Ingen prisutdeling * (2004)
Unni Løvlid (2003)
Sturla Eide Sundli (2002)
Linda Røyseth (2001)
Linda Fosse (2000)

* Prisen for 2004 vart tildelt Jon Eikemo i 2015.