Medaaspriskonserten 7. oktober

På årets festkonsert 7. oktober vert Medaasprisen delt ut til Bjørn Eidsvåg. Prisvinnaren skal mellom andre dela scene med Jan Eggum, Sigrid Moldestad, Garness, Irene Kinunda og Voksne Herrers Orkester. Til å leia det heile er som vanleg Finn Tokvam på plass som konferansier.

Bjørn Eidsvåg har gjort kring 80 konsertar kvart år sidan 1980-talet. Det er ei av årsakene til at han fortener å bli kalla folkekjær. Bjørn Eidsvåg har halde seg på toppen sidan det store kommersielle gjennombrotet med plata «Allemannsland» i 1993. Han spelar like gjerne i samfunnshus og kyrkjer som i dei største konsertsalane i landet.

Han sluttar aldri å utfordre oss, er aldri redd for å gå nye vegar. Det er ei bragd å vinne tilliten frå stadig nye generasjonar. Heile Noreg omfamna han då han runda 70 tidlegare i år. Nokon av oss er laga for å ta stor plass, vedgår vinnaren sjølv. Det er det lett å gi han rett i. Men den store plassen har han nytta til å fortelje om inderlege, nære ting.

Gjennom meir enn 50 år som artist har han alltid hatt med seg arven frå Sauda i Ryfylke. Den særmerkte industridialekta har bore fram ei lang rekkje songar om tru, tvil, kjærleik og anger.

Medaasprisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner.

BILLETTAR TIL MEDAASPRISEN