Om Medaasprisen

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Medaasprisen vert årleg delt ut på Den Nationale Scene under Medaaspriskonserten.  Medaasprisen er ein bronseblakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner.

Statuttar

1. Medaasprisen vart innstifta i 2000 av Bergen Nord Kammerkor. Medaasprisen blei første gong delt ut 17.9.2000.

2. Medaasprisen består av eit styre med 4-8 medlemmar

3. Medaaprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt

4. Både einskildpersonar og grupper kan bli tildelt prisen.

5. Vinnaren blir kåra av styret i Medaasprisen

6. Medaasprisen skal delast ut under Medaaspriskonserten.

7. Styret for Medaasprisen har ansvar for kunstnerisk innhald av konserten, og kontakt og avtalar med dei aktuelle artistane.

8. Prisen kan delast ut kvart år.

9. Prisen er ein statuett og akkreditiv i tillegg til prispengar p.t. på kr. 20 000.

10. Statuttane er vedtatt av komiteen 13.11.2013 og kan berre endrast gjennom vedtak i styret.