Få billettar igjen til Medaaspris-konserten

13931685_10154208459211259_1536636687_o-1Vil du ha med deg den første Medaaspris-utdelinga på Den Nationale Scene i Bergen, bør du vera om deg.

Det fortel Claus Sellevoll, styreleiar i Medaasprisen. Torsdag ettermiddag var det selt 330 billettar.

– Det er lagt ut totalt 400 billettar, som ein vil sikra seg billett til priskonserten bør ein gå inn på Ticketmaster eller teateret sine heimesider og booka, seier Sellevoll.

Det er den kjende og folkekjære artisten Sigrid Moldestad som i år får Medaasprisen. Utdelinga skjer på Den Nationale Scene i Bergen måndag 24. oktober. Dette er første gong utdelinga er flytta frå Nordhordland.

Som vanleg blir det ein solid konsert med både musikalske perler og underhaldning i tillegg til sjølve utdelinga.

Skodespelar Helge Jordal bidreg med eit utdrag frå suksessen «Førstereis», monologen om dei norske utesiglarane. Også Finn Tokvam og gjengen frå «Singel & Sand» blir å sjå på scena.

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner.