Leiar i Medaaspriskonserten Claus Sellevoll og teatersjef Agnete Haaland gler seg over at prisvinnarkonserten i år skal haldast på DNS

Medaaspriskonserten til Bergen si storstove!

 

Leiar i Medaaspriskonserten Claus Sellevoll og teatersjef Agnete Haaland gler seg over at prisvinnarkonserten i år skal haldast på DNS

Leiar i Medaaspriskonserten Claus Sellevoll og teatersjef Agnete Haaland gler seg over at prisvinnarkonserten i år skal haldast på DNS

Teatersjef Agnete Haaland gler seg til å få Medaasprisen til Den Nationale Scene.

– Eg er djupt imponert over det arbeidet som blir gjort for å ta vare på og vidareutvikla arven etter Ivar Medaas. Eg er jo sjølv odelsjente til ein gard i Alversund og har heile strilekulturen djupt forankra i sjela, så eg er verkeleg stolt over at vi no kan ønske Medaasprisen velkommen tilbake til Den Nationale Scene, seier teatersjef Agnete Haaland. Ho var til stades på prisutdelinga i fjor, og var svært imponert over det ho fekk sjå.

Gledeleg invitasjon

– Eg er veldig glad for at Agnete og eg deler den same kjærleiken til strilekulturen og til det Ivar Medaas stod for som scenekunstnar. Og vi kan då ikkje takka nei når vi får tilbod frå landets flottaste teater, seier leiar i Medaaspriskomitéen Claus Sellevoll.

Veksesmerter

Medaasprisen, som dei siste åra har blitt delt ut på Nordhordland Folkehøgskule, har hatt kraftig auke i besøkstala, og styret i Medaasprisen trur at om arrangementet held fram den fine utviklinga, vil det krevja både større sal og produksjonstekniske ressursar.

– Sjølv om eg tidlegare har uttalt at Medaasprisen bør vera forankra lokalt, trur eg tida er mogen for å flytta på seg, all den tid vi har vakse slik vi har gjort. Kulturarven vår er umisteleg, og ein del av arbeidet med å halda bygdekulturen levande og sterk, er nettopp å halda arven vår høgt, og då må vi nå endå breiare ut til folket, seier Sellevoll, og legg til at det snart bur like mange strilar i byen som i utkantane.

– Slik sett får vi knapt eit betre hus enn Den Nationale Scene, seier Sellevoll.

Hemmeleg prisvinnar

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Offentleggjeringa av årets prisvinnar kjem i slutten av august. Medaasprisen vert delt ut under prisutdelingskonserten på Den Nationale Scene måndag 24. oktober. Medaasprisen er ein bronseblakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner. I fjor var det Jon Eikemo og Herborg Kråkevik som vann prisen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *