Vamp fekk Medaasprisen: – Eit bevis på vår musikalske identitet

VAMP

Øyvind Staveland i Vamp, synest det er spesielt å få Medaasprisen.

– Det er heilt fantastisk, mykje fordi denne prisen handlar om meir enn salstal på album eller talet på konsertar. Denne prisen underbygger identiteten vår, faktisk heile vår verksemd. Foto: Eirik Blindheim

Av Kai Flatekvål og Eline Kirkebø

Publisert:07. november 2017, kl. 11:16

I ei årrekke brukte Vamp ein Ivar Medaas-klassikar for å avslutte konsertane sine. Måndag kveld tok dei i mot Medaasprisen.

 

BERGEN [BERGENSAVISEN]:

– Det er utruleg spesielt å få Medaasprisen. I mange år brukte vi «Dar kjem dampen» når folk forlét konsertane våre, fortel ein glad Øyvind Staveland til Bergensavisen.

Han er haugesundbandets «Grand old man», og var med å grunnlegge Vamp for eit kvart hundreår sidan.

– Heilt fantastisk

Staveland fortel at det å få Medaasprisen betyr noko spesielt for gruppa.

– Det er heilt fantastisk, mykje fordi denne prisen handlar om meir enn salstal på album eller talet på konsertar. Denne prisen underbygger identiteten vår, faktisk heile vår verksemd.

Vamp har heile tida heldt fast med tekstar på eiga dialekt, og sidan oppstarten i 1991 har dei vore veldig bevisste på si eiga lokale tilhøyrsle på Haugalandet.

– Dialekta har vore vårt fremste instrument, og når vi mottar denne prisen, er det eit bevis på at det vi gjer er rett.

Forbildet Medaas

Staveland fortel at han møtte Medaas ved fleire anledningar.

– Eg begynte å spele fele då eg var åtte år gammal. Det var ikkje det hippaste ein kunne drive med på den tida, og dei to eg verkeleg såg opp til var Ivar Medaas og Sigbjørn Bernhoft Osa.

Prisen er like fullt ei påminning av det arbeidet Ivar Medaas gjorde heilt fram til sin død i 2005.

Det spesielle uttrykket

Det er styret i Medaasprisen som finn fram til dei verdige vinnarane kvart år. Styreformann, Claus Sellevoll, er stolt over å dele ut prisen til ei så språksikker gruppe.

– På same måte som Ivar Medaas, har Vamp tort å gå sine eigne vegar. Dei er genuint opptatt av røtene sine, havet og kystfolket. Dei er sjølve vestlendingen i oss, fortel Sellevoll til BA.

Grunngivinga

Måndag kveld tok Vamp imot prisen under priskonserten på DNS. I grunngivinga står det:

«Årets prisvinnar syng på morsmålet sitt, Haugesund-dialekt. På same måte som Ivar Medaas, har Vamp turt å gå sine eigne vegar. Genuint opptekne av røtene sine, av havet og kystfolket, er dei sjølve vestlendingen i oss. Trygt tufta på lokal kultur og lokalt målføre, samstundes kvilelaust leikande og lyttande etter det som finst. Men Vamp har òg norrøne røter, ein keltisk klang frå kystfolk gjennom generasjonar. Vamp har i sine 25 år utvikla eit heilt spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk. Eit uttrykk som treff den norske folkesjela. Vamp er som vêret på Vestlandet, full av kontrastar, frå det valdsame og dramatiske, til det lune og inderlege. Me er stolte over å få dela ut Medaasprisen til Vamp!»

På turné

BA snakka med Staveland i forkant av utdelinga.

– Vi skal dele scena med mange gode musikarar i kveld, men vi skal spele fire songar som representerer Vamp, seier musikaren som er på turné med bandet sitt om dagen.

– De har nyleg lansert det 11. studioalbumet, «La, la, la». Litt kontrast på tittelbruk i forhold til det førre albumet «Populas» (Befolkning på latin journ.anm.)

– Hehe, ja, det kan du sei. «La, la, la» passa berre så godt, sjølv om tittelen ikkje er særleg representativ til musikken på albumet. Det er ein litt upretensiøs tittel, som var frigjerande å ha. Men vi nynner la, la, la på eit par av låtane, seier han med eit smil.

Kjem i desember

Bergen er ein av byane Vamp-sjefen har eit nært forhold til.

– Bergen er herleg, som betyr masse glede og eit stort publikum. Vi føler oss alltid heime her.

Han lovar både nytt materiale og gamle klassikarar når Vamp spelar på Ole Bull Scene i midten av desember.

– Nokre av de gamle låtane våre må vi berre ha med, innrømmer Staveland i bandet som har vunne Spellemannprisen i visesong fire gonger, i tillegg til å bli årets Spellemann i 2006.