2018: Medaasprisen til Lars Lillo-Stenberg

, ,

Lars-Lillo-Stenberg-Foto-Frank-MichaelsenLars Lillo-Stenberg får Medaasprisen 2018. – Identitet er viktig for alle, anten ein er oppvaksen i Alversund eller på Frogner, seier styreleiar i Medaasprisen, Claus Sellevoll.

Han trur kanskje nokon vil verta overraska over at Medaasprisen vert tildelt ei av dei mest markante røystene frå Oslo vest gjennom meir enn 30 år.

– Men tildelinga trur eg Ivar Medaas hadde hatt stor sans for. Han hadde sterke og gode minne frå Oslo. Hovudstaden omfamna felespelaren og gjøglaren lenge før heimtraktene hans gjorde det.

MEIR ENN VESTLANDET

Med bandet DeLillos og som soloartist har Lars Lillo-Stenberg alltid vore rotfesta i sin kultur. Han set sitt særeigne stempel på songane, anten dei er hans eigne, eller når han tolkar viser frå den nordiske kulturarven. Han gjer sitt språk og sin identitet til ein del av eit heilskapleg kunstnarleg uttrykk, heiter det i grunngjevinga.

– Medaasprisen er ikkje ein distriktspris. Den skal femna om meir enn Vestlandet og nynorsken, slik kunstnaren som prisen er oppkalla etter også gjorde det. Lokale tradisjonar er like mykje verd i by og bygd. Den eine dialekta har ikkje høgare status enn den andre, meiner Sellevoll og juryen. Han går ikkje av vegen for å visa litt raus omsorg med hovudstaden og dei som lever der.

­– Oslo har ikkje alltid kjend kjærleiken strøyma mot seg frå resten av landet. Prisvinnaren har sjølv vore inne på at mange er stolte av ikkje å tilhøyra Oslo. Me kjenner alle til historier om korleis folk frå distriktet kjende seg framandgjort i storbyen. Men kan hende var det ikkje så enkelt for eit bymenneske å busetja seg på bygda, heller?

KONSERT 29. OKTOBER

Prisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Mellom tidlegare vinnarar finn me Odd Nordstoga, Øystein Sunde, Helge Jordal, Jon Eikemo, Sigrid Moldestad, Herborg Kråkevik og Vamp.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner. Prisen vert delt ut på Den Nationale Scene den 29. oktober. I tillegg til Lars Lillo-Stenberg, vil ei rekkje andre artistar medverka på den tradisjonsrike Medaaspriskonserten.