Medaasprisen 2020 flytta til 2021 

Medaasprisen |

Sidan den første Medaasprisen vart delt ut i 2000 har det blitt kåra 20 Medaasprisvinnarar. Pga koronapandemien det siste året, har det ikkje lukkast å dela ut Medaasprisen for 2020.

Styret i Medaasprisen har difor vedteke at tildelinga for 2020 skal flyttast inn i årets arrangement:

Det er ei gleda å meddela at det skal kårast to prisvinnarar i 2021. Medaasprisen 2020 og Medaasprisen 2021 vil bli delt ut på Den Nationale Scene i Bergen 6. desember 2021.

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner.

Styret i Medaasprisen 2021

Arvid Ones, Inge Glambek, Espen Børhaug, Yngvill Medaas Skogen, Eilif Stene og Claus Sellevoll og Solrun Toft Iversen (leiar).

www.medaasprisen.no

KariBremnes_PhotoStianAndersen_2

Kari Bremnes får Medaasprisen 2019

0001

PRISKONSERT: Kari Bremnes vert tildelt Medaasprisen på Den Nationale Scene i Bergen måndag 7. oktober, og det er duka for ein festkonsert av dei sjeldne.

Kari Bremnes får Medaasprisen 2019. – Ho er ein historieforteljar av
internasjonalt format. Men vi er aldri i tvil om kvar ho høyrer heime, seier
styreleiar i Medaaspris-komitéen, Solrun Toft Iversen.
Kari Bremnes vaks opp i Svolvær i Lofoten. Ho fortel sjølv at det var der – mellom
Vestfjorden og høge fjell – at dragninga mot dynamikk og store rom vart fødd. Synet av sør-
og nordgåande hurtigruteskip ligg kanskje bak alle songane ho har skrive og sunge om å
reisa.
Jack Berntsen starta viseklubben Lovisa i Svolvær i 1968. Året etter stod Kari for første gong
på ei scene og framførde Donovans «Catch The Wind» saman med bror sin, Ola. I Lovisa-
miljøet vart ho meir medviten om verdien av eige språk og dialekt. Ho leitte i lokal litteratur,
lærte seg nordnorske skillingsviser. Det vart viktigare å stå fram med ein rotfesta identitet
enn å spegla utanlandske tradisjonar. Snart 50 år seinare er dette like tydeleg, anten ho tek
oss med til Berlin, Montreal eller nordover. Heim.
19 år gamal tok ho Skutvikferja over fjorden og fann vegen til hovudstaden. Ein er likevel
aldri i tvil om kvar Kari Bremnes kjem frå. Alt ho gjer har ein nordvend klangbotn.
Kari Bremnes har turnert i alle år og gitt ut 15 soloplater. Frå «Folk i husan» – det næraste vi
kjem ein nordnorsk nasjonalsong – til tolkingar av internasjonale poetar og songarar, har ho
hatt eit umiskjenneleg særpreg.
– Den store spennvidda i uttrykk og inspirasjon har på forunderleg vis gitt henne ei scene
som berre tilhøyrer henne. Ljos og melankoli. Heim og univers. Kari Bremnes – alltid ærleg
og personleg, alltid med ei historie å fortelja – har vorte sin eigen sjanger, seier Solrun Toft
Iversen.
Kari platedebuterte i 1987 som soloartist med «Mitt ville hjerte». Tre år seinare skreiv ho sin
første tekst – «Københavnerkneipe» – om ei nordnorsk jente fortapt i metropolen. Alt her
såg vi at eksistensielle tema gjerne står tydelegare fram når utgangspunktet er det nære og
opphavelege. Sjølv då ho vart æra med ein plass i salmeboka, kjende vi henne igjen i den
vakre dåpssalmen «Lite barn som kommer».

«Eg skriv songar for alle som vil høyra dei. Eg er opptatt av å angå folk», har Kari Bremnes
uttalt. Tildelinga av Medaasprisen 2019 er også eit teikn på at denne ambisjonen kan hakast
av som «Oppnådd».
Prisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i
lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Mellom tidlegare vinnarar finn me
Odd Nordstoga, Øystein Sunde, Jon Eikemo, Sigrid Moldestad, Herborg Kråkevik, Vamp og
Lars Lillo-Stenberg.
Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner. Prisen
vert delt ut på Den Nationale Scene den 7. oktober. I tillegg til Kari Bremnes, vil ei rekkje
andre artistar medverka på den tradisjonsrike Medaaspriskonserten.
Tidlegare vinnarar av Medaasprisen:

Lars-Lillo Stenberg (2018)
Vamp (2017)
Sigrid Moldestad (2016)
Jon Eikemo og Herborg Kråkevik (2015)
Salhusvinskvetten (2014)
Claus Sellevoll (2013)
Jan Eggum (2012)
Fargespill (2011)
Helge Jordal (2010)
Øystein Sunde (2009)
Olav Stedje (2008)
Jan Arvid Johansen (2007)
Arne Bøe (og Heimalanné) (2006)
Odd Nordstoga (2005)
Unni Løvlid (2003)
Sturla Eide Sundli (2002)
Linda Røyseth (2001)
Linda Fosse Hagen (2000)
www.medaasprisen.no

2018: Medaasprisen til Lars Lillo-Stenberg

Lars-Lillo-Stenberg-Foto-Frank-MichaelsenLars Lillo-Stenberg får Medaasprisen 2018. – Identitet er viktig for alle, anten ein er oppvaksen i Alversund eller på Frogner, seier styreleiar i Medaasprisen, Claus Sellevoll.

Han trur kanskje nokon vil verta overraska over at Medaasprisen vert tildelt ei av dei mest markante røystene frå Oslo vest gjennom meir enn 30 år.

– Men tildelinga trur eg Ivar Medaas hadde hatt stor sans for. Han hadde sterke og gode minne frå Oslo. Hovudstaden omfamna felespelaren og gjøglaren lenge før heimtraktene hans gjorde det.

MEIR ENN VESTLANDET

Med bandet DeLillos og som soloartist har Lars Lillo-Stenberg alltid vore rotfesta i sin kultur. Han set sitt særeigne stempel på songane, anten dei er hans eigne, eller når han tolkar viser frå den nordiske kulturarven. Han gjer sitt språk og sin identitet til ein del av eit heilskapleg kunstnarleg uttrykk, heiter det i grunngjevinga.

– Medaasprisen er ikkje ein distriktspris. Den skal femna om meir enn Vestlandet og nynorsken, slik kunstnaren som prisen er oppkalla etter også gjorde det. Lokale tradisjonar er like mykje verd i by og bygd. Den eine dialekta har ikkje høgare status enn den andre, meiner Sellevoll og juryen. Han går ikkje av vegen for å visa litt raus omsorg med hovudstaden og dei som lever der.

­– Oslo har ikkje alltid kjend kjærleiken strøyma mot seg frå resten av landet. Prisvinnaren har sjølv vore inne på at mange er stolte av ikkje å tilhøyra Oslo. Me kjenner alle til historier om korleis folk frå distriktet kjende seg framandgjort i storbyen. Men kan hende var det ikkje så enkelt for eit bymenneske å busetja seg på bygda, heller?

KONSERT 29. OKTOBER

Prisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Mellom tidlegare vinnarar finn me Odd Nordstoga, Øystein Sunde, Helge Jordal, Jon Eikemo, Sigrid Moldestad, Herborg Kråkevik og Vamp.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner. Prisen vert delt ut på Den Nationale Scene den 29. oktober. I tillegg til Lars Lillo-Stenberg, vil ei rekkje andre artistar medverka på den tradisjonsrike Medaaspriskonserten.

Sigrid_3,2_Foto_IngvilSkeieLjones

2016: Medaasprisen til Moldestad

Folkemusikar Sigrid Moldestad får Medaasprisen 2016

Sigrid Moldestad har sidan solodebuten i 2007, vore ei lysande stjerne på den musikalske himmelen. Ho har sine røter i folkemusikken og skriv på nynorsk og syng på si eiga dialekt.

– Som artist meistrar ho  kombinasjonen av å vere ei sterk scene- og historieformidlar av både tradisjonelt og nyskapande materiale, seier leiar i Medaaspriskomiteen, Claus Sellevoll. Han legg til at han er svært glad over å dela ut Medaasprisen til ein artist med fokus på dialekt, røter og tradisjonar, og som formidlar dette på ein unik måte.

Prisløna «taus»

Moldestad har frå før motteke Spellemansprisen to gongar, først med trioen Gamaltnymalt i 2005 og så med TAUS i 2007. I 2010 vart ho tildelt Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane og kåra til «Årets Folkemusiker». Det same året tok ho i mot Folkelarmprisen, før ho i 2012 fekk «Vossajazzprisen og Hilmar Alexandersens musikkpris. I tillegg har ho mellom anna vore med i gruppa Spindel, kabaret-trioen Fjøgl og duoen Lareli med Gabriel Fliflet. «Med si særeigne stemme og sitt kraftfulle felespel er Sigrid Moldestad blitt ei av våre kjæraste folkemusikarar», heiter det i grunngjevinga til juryen.

Feirar folkemusikken

Sigrid Moldestad vert tildelt Medaasprisen på Den Nationale Scene i Bergen måndag 24. oktober, og Sellevoll lovar ein festkonsert av dei sjeldne.

– Moldestad skal mellom anna dela scene med Helge Jordal, Finn Tokvam, Mads Eriksen, Odd Erik Lothe og ei gruppe frå Fargespill, fortel Sellevoll. Han skal sjølv stå på scena saman med gjengen i Singel & Sand, som er haustsatsinga til Hordaland Teater. Torkjell Børsheim frå dansegruppa Frikar byr på dans til tonane frå Sigrid Moldestad si fele, og det er duka for ein festkveld med folkemusikken i høgsetet. Til å leia det heile er som vanleg Dag Lindebjerg på plass som konferansier.

Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Prisen vert delt ut under Medaaspriskonserten på Den Nationale Scene måndag 24. oktober 2016.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og kr 20 000,-

I fjor blei Herborg Kråkevik og Jon Eikemo tildelt prisen.

 KJØP BILLETTER HER

2015: Medaasprisen til Kråkevik og Eikemo

Det er to av Noregs framste kulturberarar som står på scena i lag når Medaasprisen vert delt ut 27. september. Det er ei gleda å meddela at årets prisvinnarar er Jon Eikemo og Herborg Kråkevik!

Presse bilde 08 EIKEMO byline Linda Bournane Engelberth

Foto: Linda Bournane Engelberth

Jon Eikemo, født på Breistein i Åsane 30. november 1939, er ein av våre mest markante skodespelarar etter 1960. Artisten i seg, fann han allereie som liten gut, då han stod på ein fiskekasse og skapte seg for folk framfor landhandelen til faren Johannes heime på Breistein.  Sidan utvikla han imitasjonstalentet og gjekk vekk frå å apa til å skapa. I 1958 kom han inn på Statens Teaterskole ved første forsøk, og tre år seinare debuterte han som Paul i «Medmenneske» på Riksteatret der han var tilsett frå 1961 til 1963. Jon Eikemo har vore tilsett ved seks av dei framste teaterscenene i Norge, lengst ved Det Norske Teatret der han var frå 1978 til 2010. I tillegg til mange store roller på teaterscenene har han hatt eit utal sentrale roller i film, fjernsyn og på revyscener.  Jon Eikemo har vore busett det lengste av livet i Oslo, men har aldri gløymt kor han kjem i frå. Han har alltid stått opp for strilekulturen og morsmålet sitt, og har lukkast i å få ut si kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet ved å bruka sin eigen dialekt på scena. Å formidle ordkunst slik Jon Eikemo har gjort i over femti år, utgjer eit uunnverleg bindeledd mellom generasjonar og miljø av scenekunstnarar, regissørar og teaterinstruktørar i norsk teater- og filmhistorie. Jon Eikemo er høgt dekorert for sin innsats i norsk kulturliv der han allereie i 1979 vann spellemannsprisen i open klasse for si tolkning av Jakob Sande sine dikt. I 1991 gav Eikemo diktaren frå Fjaler eit nytt løft, då han i samarbeid med Vidar Sandem på Det Norske Teatret laga ei framsyning på diktinga til Jakob Sande. For denne oppsetjinga med tittelen Jakob Sande & Jon Eikemo-Trur eg.. , mottok Jon Eikemo kritikarprisen og la heile landet for sine føter. Jon Eikemos Sande-suksess er ein av dei største suksessane i norsk teaterhistorie.

 

HERBORG

Foto: Mona Nordøy

Herborg Kråkevik ,født i Jondal i Hardanger 28. desember 1973, voks opp i ein heim som var prega av song og musikk og med sterk tradisjon for parodiering. Men med mangel på publikum i barndommen, så vart det helst sauene heime i Jondal som fekk gleda av talentet hennar. Det var nok kanskje her ho la grunnlaget for den suksessen ho seinare har hausta så rikeleg av, både i og utanfor landets grenser. Etter å ha kuppa det lokale Tensing-koret, starta ho karriera med å vinna Ungdommens Kulturmønstring i Hordaland i 1992. Ho søkte på Romerike Folkehøgskole, men kom ikkje inn. Det gjorde ho derimot på musikkteaterskulen Guildford School of Acting i Surrey i England. Men i mellomtida medverka ho i René Bjerkes kortfilm ”Det rare”. Etter berre eit år i Guildford slutta ho for å spele kabaret på Zachariasbryggen i Bergen saman med gitaristen og komponisten Kenneth Sivertsen. I fire år opplevde dei to ein formidabel suksess, både på Vestlandet og i Oslo. I 1995 hausta Herborg stor suksess for si sjølvkomponerte framsyning «Haugtussa» basert på Arne Garborgs diktsyklus. Eit prosjekt som også resulterte i albumet «Mi Haugtussa» og turné. Herborg Kråkevik har sidan opplevd eventyrleg suksess, anten det har vore plateinnspelingar, kabareter eller skodespel, seinast i Bergen på Den Nationale Scene, i rolla som Petra i musikalen ”Hellemyrsfolket” basert på romanserien til Amalie Skram. Herborg Kråkevik er ein høgt skatta kulturformidlar. Ho viser i all si framferd stor kjærleik til heimbygda, språket, tradisjonane, identiteten, og sist men ikkje minst den norske kulturen. Herborg Kråkevik har teke tak i og fornya delar av norsk kulturarv som har vore lite påakta dei seinare åra og har oppnådd stor suksess med sine kabaretar og tolkingar av gamle norske folkeviser.

Det er ei gleda å meddela at Medaasprisane for 2015 er tildelt Jon Eikemo og Herborg Kråkevik!

Det er i år 15 år sidan den første Medaasprisen var delt ut. Sidan har det kvart år unnateke 2004 blitt kåra ein Medaasprisvinnar. Styret i Medaasprisen har i jubileumsåret 2015 vedteke at det skal kårast to prisvinnarar. Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar, som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Prisane vert delt ut under Medaaspriskonserten på Nordhordland Folkehøgskule søndag 27.september 2015. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner.

Styret i Medaasprisen 2015

Arvid Ones, Inge Glambek, Elin Hordvik, Yngvill Medaas Skogen, Eilif Stene og Claus Sellevoll.

Medaasprisen2015_annonse (1)-page-001

2014 – Vinskvetten får Medaasprisen

Juryen i Medaasprisen kan med glede melda at Vinskvetten er tildelt Medaasprisen for 2014.

Prisen vil bli delt ut under Medaaspris-konserten på Nordhordland Folkehøgskule søndag 28.september 2014.
Medaasprisen blir årleg tildelt ein utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Årets pris er ein bronseblakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 20.000 kroner.

FOTO: Arne Ristesund, BA