Kari Bremnes får Medaasprisen 2019

,

0001

PRISKONSERT: Kari Bremnes vert tildelt Medaasprisen på Den Nationale Scene i Bergen måndag 7. oktober, og det er duka for ein festkonsert av dei sjeldne.

Kari Bremnes får Medaasprisen 2019. – Ho er ein historieforteljar av
internasjonalt format. Men vi er aldri i tvil om kvar ho høyrer heime, seier
styreleiar i Medaaspris-komitéen, Solrun Toft Iversen.
Kari Bremnes vaks opp i Svolvær i Lofoten. Ho fortel sjølv at det var der – mellom
Vestfjorden og høge fjell – at dragninga mot dynamikk og store rom vart fødd. Synet av sør-
og nordgåande hurtigruteskip ligg kanskje bak alle songane ho har skrive og sunge om å
reisa.
Jack Berntsen starta viseklubben Lovisa i Svolvær i 1968. Året etter stod Kari for første gong
på ei scene og framførde Donovans «Catch The Wind» saman med bror sin, Ola. I Lovisa-
miljøet vart ho meir medviten om verdien av eige språk og dialekt. Ho leitte i lokal litteratur,
lærte seg nordnorske skillingsviser. Det vart viktigare å stå fram med ein rotfesta identitet
enn å spegla utanlandske tradisjonar. Snart 50 år seinare er dette like tydeleg, anten ho tek
oss med til Berlin, Montreal eller nordover. Heim.
19 år gamal tok ho Skutvikferja over fjorden og fann vegen til hovudstaden. Ein er likevel
aldri i tvil om kvar Kari Bremnes kjem frå. Alt ho gjer har ein nordvend klangbotn.
Kari Bremnes har turnert i alle år og gitt ut 15 soloplater. Frå «Folk i husan» – det næraste vi
kjem ein nordnorsk nasjonalsong – til tolkingar av internasjonale poetar og songarar, har ho
hatt eit umiskjenneleg særpreg.
– Den store spennvidda i uttrykk og inspirasjon har på forunderleg vis gitt henne ei scene
som berre tilhøyrer henne. Ljos og melankoli. Heim og univers. Kari Bremnes – alltid ærleg
og personleg, alltid med ei historie å fortelja – har vorte sin eigen sjanger, seier Solrun Toft
Iversen.
Kari platedebuterte i 1987 som soloartist med «Mitt ville hjerte». Tre år seinare skreiv ho sin
første tekst – «Københavnerkneipe» – om ei nordnorsk jente fortapt i metropolen. Alt her
såg vi at eksistensielle tema gjerne står tydelegare fram når utgangspunktet er det nære og
opphavelege. Sjølv då ho vart æra med ein plass i salmeboka, kjende vi henne igjen i den
vakre dåpssalmen «Lite barn som kommer».

«Eg skriv songar for alle som vil høyra dei. Eg er opptatt av å angå folk», har Kari Bremnes
uttalt. Tildelinga av Medaasprisen 2019 er også eit teikn på at denne ambisjonen kan hakast
av som «Oppnådd».
Prisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i
lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Mellom tidlegare vinnarar finn me
Odd Nordstoga, Øystein Sunde, Jon Eikemo, Sigrid Moldestad, Herborg Kråkevik, Vamp og
Lars Lillo-Stenberg.
Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner. Prisen
vert delt ut på Den Nationale Scene den 7. oktober. I tillegg til Kari Bremnes, vil ei rekkje
andre artistar medverka på den tradisjonsrike Medaaspriskonserten.
Tidlegare vinnarar av Medaasprisen:

Lars-Lillo Stenberg (2018)
Vamp (2017)
Sigrid Moldestad (2016)
Jon Eikemo og Herborg Kråkevik (2015)
Salhusvinskvetten (2014)
Claus Sellevoll (2013)
Jan Eggum (2012)
Fargespill (2011)
Helge Jordal (2010)
Øystein Sunde (2009)
Olav Stedje (2008)
Jan Arvid Johansen (2007)
Arne Bøe (og Heimalanné) (2006)
Odd Nordstoga (2005)
Unni Løvlid (2003)
Sturla Eide Sundli (2002)
Linda Røyseth (2001)
Linda Fosse Hagen (2000)
www.medaasprisen.no