Storslått festkonsert då Kari Bremnes mottok Medaasprisen

,

Kari Bremnes2

-Alle som vaks opp med éin radiokanal hadde eit sterkt forhold til Ivar Medaas, sa Kari Bremnes då ho mottok Medaasprisen på Den Nationale Scene. Prisvinnaren fortalde frå oppveksten i Svolvær, der mora ofte las høgt frå Jakob Sande sine samlingar. -Vestlendingar og nordlendingar har mykje til felles, sa Kari Bremnes til ein stuvande full sal. -Me har reist ut i verda saman med Kari Bremnes, men ho har aldri late oss vera i tvil om kvar heime er, sa Solrun Toft Iversen. Ho delte ut Medaasprisen til den nordnorske artisten mandagskvelden. Solrun Toft Iversen, leiar for styret i Medaasprisen, var svært stolt over å få dela prisen ut til den folkekjære artisten. -Den store spennvidda i uttrykk og inspirasjon har på forunderleg vis gitt henne ei scene som berre tilhøyrer henne. Ho er alltid ærleg og personleg. Ho har alltid ei historie å fortelja, og historia rører ved noko i oss. Utdelinga fann stad mot slutten av ein storslått festkonsert. Den unge trompetisten Viljar Bjørsvik Rath frå Knarvik blas det heile i gong, før nye høgdepunkt kom som perler på ei snor. Der var Arne Bøe med det nye bandet sitt, Himmel og hav, der var Jan Eggum, Olav Stedje og ein svært opplagt Oddvar Thorsheim. Heilt til slutt var alle på scena og song Ivar Medaas sitt glansnummer, Dar kjem dampen. Medaasprisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Mellom tidlegare vinnarar finn me Odd Nordstoga, Øystein Sunde, Jon Eikemo, Sigrid Moldestad, Herborg Kråkevik, Vamp og Lars Lillo-Stenberg. Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner.

Nh avis Medaaspriskonserten2019

Strilen Medaaspriskonserten 2019