Medaasprisen 2023 til Mari Boine

,

Mari Boine får årets Medaaspris.

Pressemelding
Mari Boine får Medaasprisen 2023. «Ho syng på samisk, eit språk svært få
forstår. Men røysta hennar når inn i sjela til folk, sjølv om me ikkje forstår
orda», seier Solrun Toft Iversen, leiar i Medaaspris-komitéen.
Mari Boine (66) er ein samisk og norsk songar, tekstforfattar og musikar. Joiken og den
samiske musikken ligg til grunn, men ho har gjennom meir enn 40 år skapt eit heilt særeige
uttrykk, der ho óg hentar inspirasjon frå jazz, rock og andre kulturar. Ein høyrer óg spor av
læstadianske salmar, som var det første ho høyrde i oppveksten i Karasjok.
Ein kan undrast over at vår mest kjende samiske kulturutøvar vaks opp i ein heim der joiking
var sett på som djevelens verk.
Nettopp denne konflikten mellom pietistisk kristentru og samisk tradisjon er viktig for å
forstå tekstane og musikken til Mari Boine. Ho fekk etter kvart eit sterkt engasjement for
dem samiske kulturen, og vart desto meir kritisk til kyrkja, overgrepa mot samane og ikkje
minst fornorskingspolitikken. Storsamfunnet ville ta livet av det samiske språket.
«Ho syng på samisk, eit språk svært få forstår. Men røysta hennar når inn i sjela til folk, sjølv
om me ikkje forstår orda», seier Solrun Toft Iversen, leiar i Medaaspris-komitéen.
Mari Boine ser ikkje på seg sjølv som ein talsperson for det samiske folket, men ho har alltid
vore opptatt av å ta vare på og fremja samisk språk og kultur. Å bruka eit språk er det beste
vernet som finst.
«Mine songar skildrar smerta som kjem av undertrykking og kampen for å vinna tilbake
sjølvrespekten. Men eg syng óg om gleda ved å veksa opp i ein kultur som har så sterke band
til naturen», seier ho sjølv.
Mari Boine er ein svært godt kjend artist i Noreg, men ho har kanskje eit enda større namn
utanfor landegrensene. Mange reknar henne som vår mest framståande musikalske
ambassadør. Det er alt anna enn tilfeldig at det er nettopp henne som syng på
opningskonserten til Bergen Internasjonale Musikkfestival i november.
Mari Boine debuterte i 1985. Fire år seinare fekk ho sitt store gjennombrot, både i Noreg og
internasjonalt, med utgjevinga av Gula Gula. Då hadde ho utvikla sin særeigne stil, der

tradisjonelle samiske instrument vart nytta saman med moderne, elektriske element.
Seinare vart denne og fleire andre plater gitt ut på plateselskapet Real World Records, som
den engelske verdsstjerna Peter Gabriel står bak.
Mari Boine har gitt ut ei lang rekke plater og dessutan skrive musikk for teater, film og
fjernsyn. Ho er meir aktuell enn på lenge. I haust er ho på turné med pianisten Bugge
Wesseltoft. Saman har dei gitt ut plata Amame. Til neste år får vi sjå henne i TV-serien «Hver
gang vi møtes».
Ho har laga mange songar prega av sinne, men ønskjer óg å vere til trøyst.
«Musikken min er som medisin», sa ho då ho gav støtte til aksjonistane mot vindmøllene på
Fosen.
«Eg trur naturfolk i heile verda kjenner ei sorg og lir når me ser at pengar og makt øydelegg,
og at desse øydeleggingane verkar ustanselege».
Mari Boine veit kven ho er, kvar ho kjem frå og kva ho står for.
Medaasprisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek
utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Mellom tidlegare
vinnarar finn me Kari Bremnes, Ingebjørg Bratland, Jan Eggum, Hellbillies, Jon Eikemo, Vamp
og Lars Lillo-Stenberg.
Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Vidar Bratlund-Mæland og 25.000
kroner. Prisen vert delt ut på Mari Boine sin konsert i Grieghallen den 2. november.

Tidlegare vinnarar av Medaasprisen:
Sigvart Dagsland (2022)
Ingebjørg Bratland (2021)
Hellbillies (2020)
Kari Bremnes (2019)
Lars-Lillo Stenberg (2018)
Vamp (2017)
Sigrid Moldestad (2016)
Jon Eikemo og Herborg Kråkevik (2015)
Salhusvinskvetten (2014)
Claus Sellevoll (2013)
Jan Eggum (2012)
Fargespill (2011)
Helge Jordal (2010)
Øystein Sunde (2009)
Olav Stedje (2008)
Jan Arvid Johansen (2007)
Arne Bøe (og Heimalanné) (2006)
Odd Nordstoga (2005)