Medaasprisen til Bjørn Eidsvåg

,

Bjørn Eidsvåg får Medaasprisen 2024. ­– Det finst knapt ein artist i Noreg som betyr så mykje for så mange. Dialekta og vestlandskulturen medverkar til å gi Bjørn Eidsvåg eit heilt særmerkt og personleg uttrykk, seier styreleiar i Medaaspris-komitéen, Claus Sellevoll.

Medaasprisen er meint å heidra kunstnarar som har ein identitet rotfesta i eigen kultur. Vinnaren i år er ein av Norges absolutt mest populære artistar, men han har alltid med seg arven frå Sauda i Ryfylke. Betel og Folkets Hus – bedehuset og arbeidarrørsla – har sett djupe spor gjennom ei karriere som starta for meir enn 50 år sidan. Ikkje minst har den særmerkte industridialekta bore fram ei lang rekkje songar om tru, tvil, kjærleik og anger.

Foreldra var aktive i bedehuset, men dei høyrde óg på Salhuskvintetten, Kurt Foss og Reidar Bøe. Bjørn likte desse, men snart måtte dei konkurrere med The Beatles. 14 år gamal var han ein sjølverklært protestsongar og songevangelist, sterkt inspirert av Jesus, Pete Seeger, Bob Dylan og Joan Baez.

Han kallar heimstaden eit skuggefullt barndomsparadis, men det var utan tvil frigjerande for den 19 år gamle Bjørn Eidsvåg å reise frå Sauda til hovudstaden. Han trong nye perspektiv, han trong å reise frå den lågkyrkjelege pietismen. Men om mannen forlét Sauda, forlét Sauda aldri mannen. Teologen og songaren Eidsvåg har teke mange oppgjer med gudstrua han vaks opp med, men det sinnet han stundom viste, vart etter kvart erstatta av kjærleik og respekt for dei han såg opp til i barndommen.

Nokon av oss er laga for å ta stor plass, vedgår vinnaren sjølv. Det er det lett å gi han rett i. Men den store plassen har han nytta til å fortelje om inderlege, nære ting. Det er forteljingar til å kjenne seg igjen i, der han minner oss på at «vi» alltid er sterkare enn «eg». Ein av songane hans vert omtalt som «ei bøn sjølv ateistar kan ta del i». Dialektbruken har sterkt medverka til å gjere forteljingane meir personlege. Bjørn Eidsvåg har aldri vore redd for å stå fram med heile seg, og vestlendingen i han forsterkar ei særmerkt røyst.

Han har gjort kring 80 konsertar kvart år sidan 1980-talet. Det er ei av årsakene til at han fortener å bli kalla folkekjær. Bjørn Eidsvåg har halde seg på toppen sidan det store kommersielle gjennombrotet med plata «Allemannsland» i 1993. Han spelar like gjerne i samfunnshus og kyrkjer som i dei største konsertsalane i landet.

Han sluttar aldri å utfordre oss, er aldri redd for å gå nye vegar. Det er ei bragd å vinne tilliten frå stadig nye generasjonar. Heile Noreg omfamna han då han runda 70 tidlegare i år.

Medaasprisen er meint å heidra utøvande kunstnarar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Mellom tidlegare vinnarar finn me Ingebjørg Bratland, Jan Eggum, Odd Nordstoga, Vamp og Lars Lillo-Stenberg.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Arne Mæland og 25.000 kroner. Prisen vert delt ut på Den Nationale Scene den 7. oktober. I tillegg til Bjørn Eidsvåg, vil ei rekkje andre artistar medverka på den tradisjonsrike Medaaspriskonserten.

Medaaprisen heilside 2024 (1) (1) (1) (1)

Tidlegare vinnarar av Medaasprisen:

  • Mari Boine (2023)
  • Sigvart Dagsland (2022)
  • Ingebjørg Bratland (2021)
  • Hellbillies (2020)
  • Kari Bremnes (2019)
  • Lars-Lillo Stenberg (2018)
  • Vamp (2017)
  • Sigrid Moldestad (2016)
  • Jon Eikemo og Herborg Kråkevik (2015)
  • Salhusvinskvetten (2014)
  • Claus Sellevoll (2013)
  • Jan Eggum (2012)
  • Fargespill (2011)
  • Helge Jordal (2010)
  • Øystein Sunde (2009)
  • Olav Stedje (2008)
  • Jan Arvid Johansen (2007)
  • Arne Bøe (og Heimalanne’) (2006)
  • Odd Nordstoga (2005)
  • Unni Løvlid (2003)
  • Sturla Eide Sundli (2002)
  • Linda Røyseth (2001)
  • Linda Fosse Hagen (2000)

www.medaasprisen.no